Årsmøte

Invitasjon til årsmøte i Kvinnherad brettspelklubb

Hei, alle medlemmer, tidlegare medlemmer, komande medlemmer, sympatisørar og godtfolk elles!

Ta del i årsmøtet vårt, ta for deg av mat og drikke og ver med på speling etterpå!

Me arrangerer årsmøte i Kvinnherad brettspelklubb søndag 13. februar kl. 17 i lokalet vårt i gamleskulen på Sunde.

Me har no rundt 250 brettspel og arrangerer spelekveldar mange gonger i månaden. Det skulle med andre ord vere rikeleg med moglegheiter å finne tidspunkt og spel som passar akkurat deg!

Ver gild og del denne innkallinga med andre du trur kunne tenkje seg å vere med og spele brettspel! Om dei ikkje kan vere med på årsmøtet, passar det kanskje neste gong?!

Saksliste for årsmøtet:

1. Godkjenning av innkalling og saksliste

2. Val av møteleiar og referent

3. Årsmelding frå styret

4. Rekneskap

5. Kontingent

6. Vedtektsendringar

7. Val etter vedtektene

8. Innkomne saker

Røysterett for alle som har betalt medlemskontingent for 2022.
(Har du ikkje betalt? Vipps kr. 200 om over 26 år, kr. 50 for dei under; meld gjerne inn fleire om gongen – familiemedlemmer sterkt ønskja! Vipps til nr. 549584).

Ikkje-medlemmer er også velkomne!

Saker ein vil ha opp på årsmøtet må vere styret i hende innan 12. februar. Bruk e-post: post@brettspel.no

Speling: Etter det formelle årsmøtet blir det brettspeling for alle som vil (alle vil vel?!). Me reknar med at sjølve årsmøtet er ferdig rundt kl. 18.

Velkommen!

Med helsing,

styret i kvinnherad brettspelklubb

www.brettspel.no

Be the first to comment

Leave a Reply