Twilight Imperium IV

Twilight Imperium IV

Map Unavailable

Dato / Tidspunkt

Date(s) - 27/06/2019
15:00 - 23:30


Ledige plasser: 1
Tekne plasser: 5


Oppstart rundt kl. 1530.
Oppmøte ifrå kl. 15 for oppsett for dei som kan.
Galaktisk. Majestetisk. Episk.

Påmelding

Påmelding er stengt for dette arrangementet.

6 Comments

  1. Fleire måtar å spele TI på, og det er alltid gøy. Men om du har planar om siger, kan det vere lurt å hugse på at det er førstemann til ti poeng som gjeld. Med kanskje sju-åtte rundar i løpet av heile spelet, bør du tenkje på korleis du skal skaffe poeng.

    Ein slik tankegang betyr at om du ikkje har ein plan/jobbar mot eit mål, brukar du ikkje tida godt nok. Å byggje opp store styrkar og kaste mange terningar for å vinne store slag er jo gøy, men det betyr kanskje veldig lite, om oppdraga som ligg i bordet fokuserer på heilt andre ting.

    Eg berre nemner dette fordi TI er eit langt spel, og om “ingen” går etter poeng, kan spelet potensielt vare i fleire dagar. Det kjekke er jo at TI same kva er gøy å spele, også om ein berre gjer ting for “gøy” eller set seg eigne mål som ikkje har med poeng å gjere, men då varer også spelet lengre.

    Ikkje at tida betyr så mykje i eit episk spel som TI, men skal me vere ferdige til rundt midnatt, bør i alle fall nokon ha eit auga på oppdraga som ligg i bordet (men må også risikere å bli gang-raped av andre om ein stikk ifrå).

  2. Steg 1: Få utdelt to Secret Objectives.
    Steg 2: Få utdelt to tilfeldige rasar, vel ein av dei, eller kast begge, og få tildelt éin tilfeldig ny.
    Steg 3: Legg inn rasar, hak av «Star-by-star» og trykk «Generate» på https://ti4-map-generator.derekpeterson.ca/
    Steg 4: Bygg galaksen, ordne sitteposisjon rundt bordet etter ferdigbygd galakse/rase.
    Steg 5: Vel ein farge og etabler deg på bordet.
    Steg 6: Trill 1d10. Høgast tal begynner å by på Speaker Token: Legg på ein control marker på Speaker Token. Rundt bordet kan så folk passe eller by med Trade Goods. Vinnarbodet får Speaker Toker, alle andre får deretter så masse Trade Goods som vinnarbodet endte på.
    Steg 7: Kast det eine Secret Objective du fekk utdelt.
    Steg 8: Ordne resten av TI4 med kort, Objectives, Custodians etc. (Dette punktet kan også kome inn som steg 0 om ein ventar på folk).
    Steg 9: La krigen begynne…

Leave a Reply