VQ/HIS

Del

VQ/HIS

Map Unavailable

Dato / Tidspunkt

Date(s) - 10/08/2020
15:00

Lokasjon

Sunde skule


Ledige plasser: 4
Tekne plasser: 2


Eg monterer spelet på Sunde skule og inviterer spesielt interesserte til å vere med på kampanjen. Kan spelast over fleire dagar.

Påmelding

Påmelding er stengt for dette arrangementet.

6 Comments

  1. Kunne gjerne prøvd dette. Liker tidsepoken, sjangern trur eg passe, spilletid har eg ikkje problem med.

    Utfordringen er at eg har William dei neste 2 ukene fra helga av. Så da passe det dårligt. Men så reiser dei 2-3 uker vekk og eg er meget rdy.

    Så kort oppsummert kan eg ein, som Spenole kaller det «demo», gjennomspilling denne uka. Så usikker når eg da er klar igjen.

  2. !

    Ser argumenta til Jarle. Spelet tar lang tid. Å lære både grunnreglane og særreglane krever meir enn eit pregame-grunnkurs kan gi. Derfor må første og kanskje andre gjennomspeling sees som ein demo. Det er også fleire ting i spelet som må oppleves for å lære. Altså, eit “vanskeleg” spel å introdusere, men utrulig vakkert når bitane faller på plass.

  3. Eg har skrive mykje om siste session i HIS, så eg gjentek ikkje alt det her. Men det er to grunnar for at eg (personleg) truleg må takke nei til å vere med denne gongen. Den første er reint praktisk; eg har nok ikkje tilgjengeleg to-tre kveldar så “raskt” som andre kan. Difor er det dumt om eg blir med første kveld, og så må andre vente til eg kan spele igjen. Eg vil jo ikkje “øydelegge” for andre på det viset, så det er den praktiske grunnen.

    Den andre grunnen er “individuelle” reglar. Fellesreglar er greitt nok; dei finn me ut av og slår opp om ein er usikker. Verre er det at dei ulike maktene har mange eigne reglar. Difor var jo mitt forslag sist at ein bestemte makter på førehand og at alle las seg opp på “sine” reglar.

    Eg klarte det nesten, men bomma litt på noko skillsmisse/giftemål-ting. Verre var det at protestantane sine reformasjonar gjekk altfor bra; både med for mange terningar/langt betre odds, samt beskjed at det ikkje var mogleg å stå imot dette. Dette var game changing og øydela mykje for meg (og France/Papacy).

    Ingen av desse regeltolkingane var gjort utifrå “vonde” hensikter, men rett og slett lese og tolka feil. Og sidan kvar fraksjon har slike ulike reglar, må ein nesten berre stole på at slik er det; det er nok å halde styr på fellesreglar og sine eigne reglar, om ein ikkje også skal halde styr på alle andre sine spesialreglar.

    Ein kan sjølvsagt seie at “ja, men me hadde det jo gøy”, men sett i eit t.d. Twilight-perspektiv: La oss seie at i siste runde finn ein ut at sin erkefiende har tolka rasen sin feil heile tida og gitt seg sjølv altfor store fordelar i kamp heile spelet. Då blir ein litt sånn “å, kjipt, tenk om…”. For sjølv om ein har hatt det gøy, så har ein jo lyst å lukkast, få til noko, på “like” premiss, forstått som at alle fraksjonar/rasar blir spelt rett.

    Eg er veldig glad i asymmetriske strategispel og HIS passar meg eigentleg bra. Men altfor lang speletid gjer det vanskeleg for meg å finne tid, samt at rimeleg sannsynleg feillesingar av fraksjonsreglar gjer at det kan kjennast urettferdig.

    MEN: Om nokon føler dei har kontroll på alle fraksjonar, er eg langt meir positiv. Slik at det blir eit asymmetrisk, rettferdig utgangspunkt.

Leave a Reply