Reply To: Anachrony

#1105
Sten Ole
Participant

Erfaringar frå Pioneers of New Earth-modulen

No fekk me spelt pioneers-modulen med fire spelarar. Jarle vant med ein solid margin med ein strategi som fokuserte på adventures. Det blei nesten litt absurd når Jarle brukte 4 eller meir exosuits på adventures per era. Håpet låg i at eg skulle finne ut at me hadde gjort noko feil, men reglane bifaller både metoden og resultatet.

BGG blei oppsøkt for å finne ut erfaringar frå andre. Inntrykket frå mange er at modulen gir for god uttelling for den som satser på det. Uttellingsmessig er gevinsten høg i forhold til å spele “konvensjonelt”. I tillegg er det eit inntrykk frå fleire at Dominance, som Jarle spelte, er litt for god, spesielt med Samira som leder.

Eg trur noko av fordelen til Dominance kan svekkes ved at me bruker starting asset draft-varianten av spelet. Det vil gjere det litt vanskeligare for Dominance å kickstarte motoren i første era. Det trengs kanskje uansett kva for ein modul me velger å spele med. Det kan nevnes at spelet opprinneleg var designa for dette.

Når det gjelder Pioneers, syntes eg at adventures overskygga resten av spelet litt. Uten modulen ligg poengskalaen mellom ca 40 og 80. Når Jarle får 99 og andre på BGG rapporterer om 127 poeng ved å satse hardt på adventures, så harmonerer det dårlig med resten av spelet. Mykje av det vakre og vanskelige i å få ressursene å strekke til ved å gjere “normale” handlinger blir unødvendig når det er dobbelt så bra å oppgradere exosuitane og dedikere deg til å nesten bare gå på adventures resten av spelet.