Reply To: Fief: France 1429

#1141
Jarle Haktorson
Keymaster

Berre for å følgje opp litt på det som Rune skreiv om ekspansjonane:

Tactics: Ser ut til å skape meir..eh, taktikk. Kampane blir nok meir spennande, men usikker om spelet treng meir «kamp-element». Men absolutt verdt å prøve neste gong; kan bli bra.

Templars: Verdt å nemne at dei ekstra inntektene kjem ifrå eigne bygg som ikkje kan bli ramma av Famine eller Tithe, så veldig bra. Templar Grand Master gir også 1 VP, så med Templars er det endå eit poeng i spelet. Må prøvast ut!

Teutonic Knights: Som Rune skreiv, samt eigne festningsverk som er litt betre enn dei i grunnsettet. Har også eigen Grand Master som gir 1 VP. Ser bra ut; må prøvast!

Politics: «Hjelparane» (attendants) har alle ein positiv spesialeigenskap, men desse er ikkje balanserte. Nokre spelarar vil kanskje ikkje få brukt sin «hjelpar» i det heile, medan andre vil bruke sin kvar runde. Dropp. Verre er det med «attribrutes»; kvar gong du trekk ein lord, trekk du ein eigenskap som akkurat den lorden har. Desse er frykteleg ubalanserte; faktisk er nokon så negative at du kan risikere å tape spelet på grunn av dei, mens andre er overpowered. Hard dropp! Brenn.

Crusades: Artig med ekstra brett! Som i Exosuit-ekspansjonen i Anachrony trekk du motstand/belønning. Kan bli bra, men ser at mostanden nokre gonger er veldig hard. Då legg spelet opp til at fleire spelarar kan gå saman i korstog mot same mål, der den som ligg høgast i hierarkiet blir leiar for korstoget; artig nok det, hadde det ikkje vore for at han også avgjer alle hits i kampen (kva brikker som skal ta skade), alle rewards etter kampen; om så titlar eller pengar etc. Eg ser liten grunn til å støtte ein kamp der du ligg lågare på hierarkiet… Kan sikkert houserulast på eit vis, men me køyrer vanilla først. Samla er det likevel absolutt ein ekspansjon å prøve ut! Det ligg også 5 VP blant belønningane…

Konklusjon: Med unnatak av Politics, er resten greie. Når me kan Fief, kan me gjerne køyre på med alle dei andre samtidig; det går fint. Neste gong!