Reply To: Architects of the West Kingdom

#1391
Sten Ole
Participant

Ein unik vri på worker placement-sjangeren. Du har ingen rundeslutt der du henter arbeidarane heim. Istedenfor må du bruke ein handling til å få det til. Og generelt er det motstandarane som gjer det for deg med å setje arbeidarane dine i fengsel der dei er lettare å samle inn.

I tillegg ligger engine-building-momentet i spelet i at du samler opp folk på ein plass som gjer at plassen gir deg meir per gong. Men det er nettopp dette som fører til at motstandarane bortfører arbeidarane dine. Altså er det vanskeleg å bygge opp varige fordeler. Spelet føles derfor meir taktisk enn strategisk og tilgir handlingar gjort i begynnelsen av spelet.

Relativt lettlært, ikkje for simpelt, mykje interaksjon i forhold til liknande spel. Eg koste meg med dette.