Reply To: Here I Stand

#1419
Sten Ole
Participant

HERE I STAND (RUNDE 4)

Land:

  • Sturla: Ottoman
  • Rune: Hapsburg/Papacy
  • Jarle: England
  • Einar: France
  • Sten Ole: Protestant

Spelet starta etter litt surring mellom England og Frankrike. Noko må dei ha blitt enige om fordi Frankrike løfta ikkje ein finger når Engelske rødkapper troppa inn i Edinbourgh. Samtidig smalt det i Bordeaux og Marseille etter eit snikangrep sørfra leia av Hapsburg-Charles. Etter gjentakande motgang også mot den standhaftige Bynasjonen Metz, måtte Frankrike hive inn det kvite håndkle og innrømme tap. I mellomtida gjekk Ottoman på ein ydmykande tap mot Ungarn i Buda. Protesantane fekk bre seg fritt utover mens krigspaven Clemet viste ambisjoner om å erobre Nord-Italia.

England forsøkte ein dristig plan om å seile ein hær til Nord-Spania. Dette fekk alarmbjellene i Hapsburg-HQ til å ringe med massiv troppeoppbygning i sør. England klarte på kløktig vis å stjele ein nøkkelby sjølv om hovedstaden ikkje lot seg ta. Men heldigvis for Hapsburg, blei det eit bryllup som avslutta krigen på ein fredeleg måte. Nasjonalskattane til Spania blei verande der dei var. Men Hapsburg klarte samtidig ikkje å stå mot presset i Øst. Ungarn hadde kapitulert plutseleg og uventa, og Suleimann bruke TREACHERY til å tvinge seg inn i Vienna og Praha. Byane brant til ære for sultanen.

Med ein nesten mirakuløs tidleg publikasjon av det nye testamentet godt hjelpt til av skrivepressa, blei Luther høyrt i alle hjørner av Tyskland. Mottakelsen vekka politiske krefter som ikkje var einsretta med Charles. Og denne vekkelsen var tydelegvis ein trussel for heile det europeiske kontinentet. England og Ottoman erklærte krig for å stoppe denne nye makta. Engelske soldater troppa inn i Trier. Ottomanske tropper forsøkte eit angrep mot Wittenberg, men blei stoppa av den tapre John Frederick. Berre franskmenna ville hjelpe mot den Ottomanske trusselen. Den nye paven Paul, såg også at den radikale protestantiske vinden måtte temmes og satte igang organisert bokbrenning. I frykt for å også bli kasta i ilden, returnerte fleire tyskarar til den sannferdige og allmektige katolisismen.

Krigen i Frankrike blussa opp igjen med nye franske nederlag. Pave Paul gjekk over til ein liturgi som la meir vekt på kanoner og angreip også det svekka Frankrike med blanda resultat. Den ottomanske sjøforsvaret sank under brutale kamper på sjøen. Landgang i Algiers satte ein effektiv stopper for Ottomansk sjøaktivitet. I løpet av all kriginga blei det også sendt ekspedisjonar vestover i håp om å finne gull, poteter og andre Amerikanske kuriøsiteter. Utfordringane gjorde fleire overbevist om at ei jordomseiling var umulig og at jorda kanskje til og med var flat. Poteter derimot fann ein mykje av.

Då røyken la seg, var verden i ruiner. Berre England stod igjen med sitt nye overhode Edward, som dessverre hadde fått ein tidleg kreftdiagnose. Med si tru på alternativ medisin og protestantisme beordra han sine soldater til å dele ut påmeldingsbrev til “The Church of England,” gjerne med ein høfleg invitasjon til å signere. Suksessen var total og bare delvis forsura av ei gjenreising av den klassiske Lutheranismen i Tyskland.

Reglar, reglar, reglar…

Reformasjonar
På veg heim fra spelekvelden fann eg ut at Player Aiden gir eit feil bilde på reformasjon-checks. Det var altså feil å bruke 1 terning som base. Det som blir sagt er at basen er alle dei normale modifierane lagt saman. Og dersom det ikkje er nokon, får du 1 terning istadenfor (Dette kan vere tilfelle om du tar eit reformasjonsforsøk over ei sjøsone eller over eit fjellpass). Eg skylder på Rune for å ha snakka med så mykje overbevisning når han sa det. Konsekvensen blei stort sett at reformasjonen gjekk litt for godt både i Tyskland, Frankrike og England. Samtidig trur eg noko av disse utslaga blei dempa av diplomatisk handling. Me hadde det kanskje gøy likevel. Eller Kekab blei det i alle fall på oss, så me har all grunn til å vere fornøyd.

Unrest
Me spelte unrest litt feil, takka vere meg. Unrest hindrer ikkje move actions, men hindrer omtrent alt anna. Du fjerner den på same måte som du tar kontroll berre at du ikkje trenger line of communication. Det vil sei, du må enten stå på same feltet eller du må stå på sida av, men ikkje ha fiendtlege units i nærheten. Unresten som blei lagt i Frankrike burde derfor vore marginalt meir effektiv.

Inntrykk
Eg trur gjennomspelinga gjekk veldig bra. Både Einar og Jarle var ferske og tok spelet veldig godt på tross av at dei måtte leve med valga dei tok tidleg i spelet. Rune såg ut til å spele med sjølvtillit og mot sjølv om han var belemra med å spela to faksjonar på ein gong. Sturla gjorde mykje bra og kunne kanskje ha vunne sjølv om terningane sjelden var med han. Dynamikken i spelet trur eg er nærmare det som det skal vere i forhold til det me har opplevd før i Here I Stand. Diplomatiet fungerte til å regulere at alle hadde litt medgang og motgang.

Eg trur kanskje mykje av trikset i spelet er å sjå korleis folk ligger an og utnytte din eigne faksjons mulighet til å realisere skjulte poeng plutseleg. England kan relativt lett skaffe opptil 7 poeng på protestantismen og 5 poeng på tronfølger. Protestantane få få ein mektig boost når schmalkadic league blir spelt og kan legge nesten ferdige bibeloversettingar på lur til strategiske tidspunkt. Hapsburg kan få ein boost med å plutseleg angripe Protestants. Papacy vil etter kvart få mektige debattantar som gir mulighet til å brenne mange protestantar og vinne territorie samtidig. England, Frankrike og Ottoman kan i tillegg utnytte det ustabile aspektet med at keys er verdt 2 VP for dei. Dette betyr at med rette korta og ein forhåndsoppbygd hær kan dei utrette mykje på kort tid utan at nokon kan reagere.

Eg trur England klarte å balansere korleis han forvalta dei ulike måla til faksjonen sin. Operasjonen til Spania var risky og var nok katalysator for at Hapsburg knakk saman i aust som setter spelets skjebne i andre hender enn sine eigne. Angrepet på Protestant var nødvendig, men hadde neppe vore nødvendig om Papacy hadde gjort jobben sin.

Frankrike angreip Metz, som eg trur var klokt (sjølv om det gjekk heilt forferdeleg), siden du får beholde den sjølv om du må “sue for peace” og at Hapsburg vil som regel legge kvar på denne. Han blei møtt med urimeleg mykje fiendskap av Papacy og Hapsburg. Dette gjorde det vanskeleg å kome i gang. Mulig at vennskapet med England var litt for einsidig sidan Frankrike gav fra seg Skottland utan å få stort tilbake.

Ottoman gjorde jobben sin, trur eg. Han kom ikkje heilt i mål med dei fjerne angrepsmålene. Dette var nok delvis på grunn av feil kort på hånd, uventa terningtrill og fiendtlege mothandlingar.

Papacy gjekk for krig, som gir langsiktig inntekt, som bygger eit fiendebilde av Tyskland fordi dei blir mektigare raskare. Det er derimot strevsomt å jobbe mot reformasjonen når den er godt i gang. Det spørs om strategien er god. Krigshandlinger inn mot Frankrike er spesielt tvilsomme siden dei har vanskeleg for å ta keys.

Hapsburg bygde hærar i Spania både mot engelsk aggresjon og for å angripe Frankrike. Wien og Spania var fraskilt heile spelet som endte med at Hapsburg ikkje kunne holde i aust og hadde ikkje militære svar mot Protestant. Det er mulig at han burde gjort meir for å ha ei kopling mellom desse plassane slik at han kunne brukt winter phase og spring deployment til å flytte tropper til der dei trengs mest. Allianse med Frankrike ein runde eller to er ein mulighet.

  • This reply was modified 5 years, 2 months ago by Sten Ole.