Reply To: Republic of Rome

#1430
Rune Hanssen
Keymaster

Eg testa dette spelet saman med Sturla og ein til for å lese reglar. Spelet er ganske oldstyle med fleire phases med lange lister med punkt som skal gjennomkøyrast. Dette er slitsomt å finne ut av sidan regelboka er laga av Satan. Spelet er i bunn og grunn eit kortspel og har tre decks som simulerer ulike periodar. Ein kan velgje å spele ein deck eller kombinere alle for eit sjutimarsspel. Første deck handlar mest om samarbeid for at ikkje Roma skal falle og alle spelarar tapar. Ein styrer faksjonar med senatorar (som plutseleg kan døy i starten av ein runde når ein trekk brikker frå mortality cup) der målet er å samle mest influence til slutten av spelet, men ein kan vinne tidlegare med meir dramatiske og vanskelge metodar. Om studievennene mine vil vere med, tar eg det gjerne fram igjen.

Republic of Rome

  • This reply was modified 5 years, 2 months ago by Rune Hanssen.
  • This reply was modified 3 years, 8 months ago by Rune Hanssen.