Reply To: Andean Abyss

#1453
Sten Ole
Participant

I påvente av ein vakker dag som me kan spele Andean Abyss har eg skissert litt kva spelet går i.

Intro
Andean Abyss er eit asymmetrisk spel som forgår i Colombia i den mest turbulente tida med borgerkrig og spirande organisert kriminalitet. Spelet har ein skissert varighet på 360 minutt. Kva det betyr i reell tid er uvisst. Fire spelarar spelar kvar si rolle:

  • FARC, venstreradikal guerilla hær
  • Myndighetene
  • Narkokartellene
  • AUC, samling av anti-FARC militsgrupper

Kvar gruppe har sin agenda og egne virkemidler og reglar. Spelmessig prøver alle å oppnå sin eigen agenda og forpludre andre sine for å vinne. Spelet foregår på eit kart delt inn i departments (avgrensa regionar), byar og line of communications (LoC, representert som veiar, oljeledningar, kraftledningar). Alle er soner som styrker kan stå på.

Styrker og standardactions (kalla operations i spelet)
Styrkane til myndighetene er spesielle i forhold til dei andre. Dei har 2 typer: politi og militærstyrker. Forskjellen på dei er generelt at miliærstyrker har større mulighet til å flytte seg rundt i landet og at politi held seg helst i nærheten av byar og LoCs. Begge typar trengs for å påverke politisk:

  • Recruit (verve nye soldater/politimenn)
  • Sweep (Flytte og avdekke guerilla-styrker)
  • Assault (Angripe guerilla-styrker)
  • Patrol (Ein distribuert utgave av sweep og assault for byar og LoCs som koster lite)

Dei andre (insurgent som samlebegrep) har soldatar som er anten inaktive eller aktive. Når dei er inaktive, kan dei ikkje bli angrepne av myndighetene. Ein annan bonus med inaktive soldatar er at basane i same området ikkje lar seg ødelegge så lenge dei er til stades. Basen får derfor same immunitet så lenge den inaktive soldaten er der. Actions utført med soldater forårsaker at inaktive soldatar blir aktive og derfor meir sårbare. Standard actions for insurgents:

  • March (Flytte soldatar. Om destinasjonen blir for folksom blir alt aktivt)
  • Rally (Verve soldatar i område med tilstrekkeleg politisk støtte, evt flytte soldatar til ein base og gjere dei inaktive)
  • Terror (Endre politisk ståsted med trusler, drap og makt)
  • Attack (Drepe soldatar, krever vanskelege terningtrill og gjer begrensa skade)

FARC, kartell og AUC har ulike andre actions som skil seg litt fra kvarandre. Grovt sett kan FARC drive utpressing og kidnapping, AUC kan drive med utpressing og snikmord, kartell kan lage narkotikaforsendelser, flytte rundt på basane sine og bestikke soldatar. Dette er alle tilleggsactions (kalla special operations i spelet). Myndighetene har eigne tilleggsactions.

Kven sin tur er det?
Spelet har eit interessant system for å styre kven sin tur det er. Det er ein event-kort-stokk. På eventkortet vil rekkjefølgen på spelarane stå. I løpet av eit eventkort vil som regel 2 spelarar kunne gjere noko mot at dei må stå over neste eventkort (som er synleg på forhånd). Her vil det kunne vere litt manipulering av spelerekkefølgen fordi det går an til å sei pass for å få tilgang på neste tur som kan føre til at nokon andre ikkje får sin tur. Den spelaren som speler først på omgangen har også fleire valg som gjer at den andre spelaren heller kanskje vil sei pass.

Spelaren har valget om å anten gjere standardactions eller kjøre eit av to ulike event på eventkortet. Det andre eventkortvalget blir aldri kjørt. Du får berre gjere ein type action per omgang. Førstespelaren har også muligheten til å hindre begge eventkortvalgene ved å begrense eigne handlingar.

Valgperiode
Skjult i event-kort-stokken er det fire jevnt fordelte kort som signaliserer at det er valg i landet. Når desse blir kjørt skjer litt forskjellig:

  • Nokon kan vinne.
  • Myndighetene får inntekt frå kontrollerte LoCs og bistand (som helst er basert på kampen mot narkotika)
  • Insurgents får inn fleire ressurser fra basar, narkotikahandel.
  • FARC og myndighetene får drive valgkamp.
  • Alle insurgents går under jorda og blir inaktive.
  • Militærstyrkene til myndighetene må gå “heim”.
  • Politistyrkar kan går “heim”.

Myndighetene
Myndighetene sitt hovedmål er å oppnå tilstrekkeleg politisk støtte. Dette viser seg å vere vanskeleg fordi sjølv om dei har god kontroll i byane er det vanskelegare på landet. Myndighetene har kraft til å slå ned på det meste, men sliter å ha nok tid. FARC er naturlege fiendar, men også AUC og kartell må holdast i sjakk for å vinne. Myndighetene speler både offensivt med å renske ut konsentrasjonar med guerilla og defensivt ved å holde kontroll på byar og LoCs. Alle handlingane til myndighetene er relativt dyre. Det er viktig å ikkje bruke opp alle pengane lenge før valget.

FARC
FARC har mål om politisk oppslutning og opprettelse av baser. Både myndighetene og AUC kjem til å gå hardt imot. Tilstedeværelse i dei befolka områdene er viktig både fordi det gir politisk kontroll og fordi det innskrenker ressursane til myndighetene. Å ha kontroll på LoCs hemmer også mobiliteten til myndighetene. FARC trenger å heile tida drive verving for å holde seg sterke for å kunne stå mot AUC og vere ein reell trussel mot myndighetene.

AUC
Målet til AUC er å ha fleire basar enn FARC. Opprettelse av basar og angrep mot FARC sine basar er derfor noko du har lyst å gjere på sikt. Det inneberer at du opererer litt i ly av myndighetene sine aktiviteter fordi FARC som regel vil vere sterkare enn deg. Det er essensielt at du ikkje framtrer som ein trussel. Det er enkelt for myndighetene å ta deg ut dersom du oppfører deg stygt (for eksempel utfører terror i myndighetsvenlege strøk).

Kartel
Kartel skal opprette basar eller tjene penger. Borgerkrigen er totalt uinteressant. Men du havner ofte i siktet til dei andre spelarane fordi dei kan tjene penger på å angripe deg. Myndighetene oppnår høgare amerikansk bistand ved å konfiskere narkotikaen din. Dei andre militsgruppene kan stjele narkotikaen og selge den for penger. Ironisk kan svaret vere å etablere seg der det er mykje politi fordi der har ikkje militsgruppene mulighet til å stjele. Dette er kanskje den vanskeligaste faksjonen siden det er veldig synleg på brettet når dei gjer det bra.

Teoretisk gameplay
Spelet vil i teorien ha ein konstant maktkamp der alle stopper kvarandre fra å vinne så godt det går an. Det kan ta opptil fleire runder å respondere på handlingar som dei andre gjer. For eksempel å rydde FARC ut av ein by kan koste myndighetene fleire turar. Når det er sannsynleg med valg i nær framtid kan også insurgents ta seg større frihetar fordi soldatane deira blir inaktive etter valget likevel. Dette gjer det ekstra hektisk for myndighetene som må holde kontroll på byar og LoCs for å ikkje slite pengemessig. Det skal seies at visse events kan påvirke spelet tungt, og nokre av dei varer heilt fram til neste valg.