Reply To: Western Legends

#1532
Sten Ole
Participant

No fekk eg endelig prøvd spelet som fekk så positiv omtale. Det minna egentlig litt om eit mini-rollespel bakt saman med ei poengtavle. Eg var mindre begeistra over sjølve spelet, men tematikken var god.

Jarle klagde litt på at det tok for lang tid, og det er nok noko i det. Eg trur det skyldes litt at spelet mangla tilstrekkeleg interaksjon. Eg følte eg spelte singleplayer cowboy-spel. Det var av og til me påvirka kvarandre, men stort sett kunne eg ignorere kva dei andre foretok seg. Og derfor blir det til at eg venter tankelaust istadenfor å leve meg inn i dei andre sine handlingar. Ventetida blir lang når det er 4 spelarar som skal gjere 3 actions kvar og spesielt slåssing og pokerspeling tok lenger tid enn dei andre handlingane. Eg trur derfor spelet kanskje helst burde speles som eit 3 player spel, kanskje 4.

Mulig at eg treng å spele dette ein eller to gonger til før eg får eit skikkeleg inntrykk, men eg føler spelet har mangler på fleire måtar.

Men… gøy likevel. Det er fort gjort å bli kritisk med alle dei andre vidunderlege spela i klubben.