Reply To: Forslag til klubb innkjøp av spill

#1534
Jarle Haktorson
Keymaster

Bra med forslag! Men nokon må også vere djevelens advokat…

Root fylgde eg med på Kickstarteren. Det som gjorde at eg ikkje backa den, var at mekanikken såg veldig ut som “stopp X, eller så vinn X”. Med andre ord handlar det om å ta ansvar for at X ikkje vinn, og om nokon ikkje tek ansvar, vinn X. Slike spel kan bli kjipe, då ein kan tenkje meir på seg sjølv, og då “må” nokon andre ta ansvar osv… Det er greitt slik som i HIS, der me alle rotta oss mot Protestants når dei heldt på å vinne, men det var éin gong i løpet av heile spelet; resten av tida utvikla du deg sjølv. Her er eg usikker… Men eg kjenner Root for lite; det er berre min første tanke.

Spirit Island, også ein KS. Co-op kan fungere bra, så lenge det ikkje blir slik at éin spelar som “kan” spelet seier til alle kva dei skal gjere (for det er lurt for å klare spelet). Då er det eigentleg berre éin som speler. Problemet med Spirit Island er likevel at dei fleste ser ut til å seie at dette eigentleg er eit 2-player spel, sjølv om det har “delar” til opp til 4. Og 2-player spel har me veldig mange av som aldri/sjeldan blir spelt.

Nemesis backa eg nesten, men den var veldig dyr. Så tipsa eg Rune, så backa han det 🙂 Dette er eg ganske trygg på er bra. Både Lords of Hellas og Edge: Dawnfall er kvalitet og gode spel tvers igjennom.

On Mars; ligg nok framme i år 2036 før det kjem ut. Men; designeren har laga veldig mange spel eg synes berre er midt på treet (Vinhos, CO2, The Gallerist…), så eg er ikkje så veldig gira. Men temaet her virkar jo spennande.

Konklusjon: Bra med forslag! Ikkje bli støtt av min skepsis 😀 Kom med fleire forslag! (Som eg kan slakte)! Neida! Men bra med diskusjon; det skapar engasjement! Om andre vil ha nokon av desse spela i lista, lovar det godt for speletid for spela, og det er jo meininga 🙂