Reply To: Andean Abyss

#1548
Rune Hanssen
Keymaster

Andean Abyss

Då har eg endeleg «forstått» spelet. Det er ikkje noko lett materie her. Når det er din tur har du følgjande valg:

– kort: har kortet for akkurat denne runden eit event som passar din organisasjon, og til ein liten plan du trur du har tenkt ut? Eller har kortet for neste tur eit event som er betre?

– pass: du er tom for ressursar og får dermed skrapt inn pittelitt for neste runde. Eller du velgjer «pass» sidan du får køyrt eit passande event i neste runde.

– operations: gjer ditt beste for å gjere organisasjonen din sterkare nok til å motstå elendigheten dei andre spelarane rettar mot deg. Eller servér noko elendighet til dei andre.

Andean Abyss får tematikken rundt politisk krigføring og narkokorrupsjon i Colombia godt fram. Det er konstante fram- og tilbakesteg i ein slitsam «tug of war» setting. Eg følte ikkje eg kunne leggje langsiktige planar sidan det var nytt kaos å ordne opp i kvar gong det var min tur. Dette gjorde spelet tungt og lite fleksibelt. Eg er villig til å prøve ein gong til før eg gjev min siste vurdering. Kanskje ein treng erfaring?