Reply To: Crusaders – Thy Will Be Done

#1588
Sten Ole
Participant

Enkelt speldesign som har “mekanisk lett” gjennomføring av turane. Du har stort handlingsrom i øyeblikket men er meir eller mindre tvunget til å gjere alt over tid fordi actiondingsane hoper seg opp på det du gjer minst. For meg føles det som eit optimaliseringsproblem der motstandarane forkludrer planane dine om du gir opning for det.

Positivt: Lett å lære. God flyt på turane. Passeleg interaksjon. Ekstremt god komponentkvalitet. Unik mekanikk med rondell.

Negativt: Antageleg eit forferdeleg spel for nybegynnarar mot erfarne spelarar fordi det er fort gjort å bli blokkert på alle slags måtar, og det er trangt nok på brettet til at det skjer nesten uansett… Antageleg.