Reply To: Crusaders – Thy Will Be Done

#1589
Jarle Haktorson
Keymaster

Med mindre enn ein time speletid, er dette eit supert spel å fylle ledig tid med. Det er også kjekt at du alltid har noko å gjere (sjølv om det ikkje alltid er så optimalt). Når spelet også endrar seg etter korleis rondellen ser ut ved oppstart og kva faksjon du har, vil spelet kunne ta ulike vegar.

Eit av få spel som er spelt tre gonger på rad med stor glede. Kjapt nok til å teste ut med 3 og 2 spelarar for å sjå korleis brettet endrar spelet. Og som påpeika ovanfor, er komponentane så gode at det løftar opplevinga.