Reply To: Root

#1684
Anders Dahlberg
Participant

Det vart ei ganske nydeleg historie. Mesteparten av spelet tuslar Vagabond rundt, undersøkjer ruinar og finn nye venar. Gøymar seg bak eit tre når det vert kriging for nært. WA gjer det unormalt bra. Kattane er litt usikre men byggar seg stabilt oppover. Fuglane har nokre regimeskifte, men heng med i teten. Ein tenker dei sannsynlegvis har sigeren neste runde. Vagabond har eigentleg gitt opp håpet, poenggapet er for stort. So fiskar han i discard-pilen og augnar(?) ein moglegheit for ein del poeng, men ser ikkje enno alle konsekvensane av kaoset han straks steller i stand. Han snur tre hamrar og musene i skogen brenn ned alt og alle, inkludert slottet til kattane. Etter musalypsen snik han seg opp til WA, dei einaste uberørte av mussakren. Nok aid til å bli bestevenar, pluss litt til. God stemning. Etter tips frå seljaren sjølv trekk Vagabond fram armbrøsten han nett fekk og headshottar den einaste smågnagaren i clearinga. Han trekk deretter fram dei ubrukte sverda sine og raserer resten av sympati og basar. Totalt vart det til slutt nok poeng til å gå frå 12-ish poeng til siger på éin dag.

God klaff med character som fiska opp rett kort, at vagabond fekk trekke i starten av birdsong i tillegg, sat med kun fuglekort, og at WA hadde crafta det som trengtes tidlegare i runda.

Konklusjon, vagabond må sparkast inn i skogen med øydelagde ting ein gong eller to i løpet av spelet?