Reply To: Twilight Imperium

#1701
Sten Ole
Participant

Reglar

Skilled retreat
Som Jarle fant ut er dette eit kort som ikkje beskriver helt kva det kan eller ikkje kan. BGG er også full av synsing i alle slags retningar. Spørsmålet er om kortet fordrer til å bruke nokre av retreat-reglane eller om tittelen på kortet ikkje bør tolkes slik. Normale retreatreglar seier at infanteri kan lastes i declare-retreat-delen av kampen, altså risikeres desse i ein kamprunde. Det er sikkert greit at me tolka det som me gjorde.

PDS
Jarle er 100% sikker at 3. parts PDS-brukarar kan sikte på den aktive spelaren. Jarle har 100% rett.

Transport av PDS
PDS kan ikkje flyttes. Dette var bare lov i TI3.

Eg hadde meir gøy nå enn tidlegare. Kanskje den reduserte tidsbruka var til hjelp. Det hjelper også å ikkje vere blind for reglane i starten.

Det dynamiske kartet var greit nok. Eg kan ikkje uttale meg om det blei meir rettferdig eller ikkje. Eg aner ikkje i kva grad kartgeneratoren tek høyde for at visse faksjoner treng meir plass enn andre. Men eg trur uansett at multiplayer-aspektet er det som regulerer rettferdighet i dette spelet.

Gårsdagen endte med ein ideell situasjon for Tor Inge. Ingen tok spesielt ansvar for å gjere noko med det. Personleg var planen min å reise inn i heimplanetane hans for å fryse poengmølla. Hovedårsaken til at eg ikkje gjorde det var bakdørsekspedisjonen til Rune samt mobiliseringa hans på “mi” side av brettet. Mekatol Rex var effektivt blokkert av Thomas sin opportunistiske sjølvmordsskvadron. Thomas virka heller ikkje spesielt poengorientert som betyr at du ikkje kan stole på at han speler rasjonelt.

Eg hadde ikkje vunne om eg hadde tatt meir ansvar for å kue Tor Inge. Og derfor kan eg ikkje angre at eg ikkje gjorde det.