Reply To: Twilight Imperium

#1705
Sten Ole
Participant

Eg trudde ikkje at Tor Inge skulle vinne på siste turen uten å klare ein secret objective. Vinnarsjansen min, trudde eg, låg i å håpe at nokon andre tok ansvar for å stoppe Tor Inge, og følge på etterpå om nødvendig.

Det er mi vurdering, som kanskje er heilt feil. Det er umulig å ha kontroll på kva alle har eller ikkje har i det spelet.

Det BGG-kommentaren glatter over, er kva målet ditt er når vinnersjansane dine er 0. Det var jo det som var utgangspunkt for kingmaker-diskusjonen frå sist gong. Om du er irrelevant på brettet, så kan du lene deg tilbake og beundre avslutningen. Men om du sit på makt men utan vinnarsjansar, så kan du ikkje unngå å bestemme kven vinnaren skal vere. Å ikkje handle, er ei handling det også. Eg føler ikkje eg var i dei skoa sjølv, men der var Thomas i gårkveld.