Reply To: Anachrony

#1741
Sten Ole
Participant

No har me fått testa verdens gøyaste spel, Anachrony, som 2 player spel i klubben. Tidsbruk låg på ca 2 timar. Det er inkludert “opplæring” og at spelet ikkje slutta før siste fasen. Så med erfaring, burde spelet i teorien vare i ca 90 minutt med 2 spelarar.

Tor Inge vant med knapp margin og hadde ein drøss med kubar og folk. Han såg ut til å skjønne spelet fra første trekk. Sten Ole kom på ein desperat 2. plass etter å ha sendt 80% av folkene inn i ei dødsmølle som gjer forskarar om til vatn. Dette var nødvendig, meinte ingeniørane som var særs tørste og klagde lite på blodsmaken i vatnet.