Reply To: Republic of Rome

#1765
Jarle Haktorson
Keymaster

Dette var knallbra, Sten Ole! Flott at du har teke deg tid.

Eg forstår det også slik at dette i utgangspunktet ikkje er så vanskeleg, men forklart veldig vanskeleg. Ein kjem nok heller ikkje utanom å slå opp somme tider, men det treng ikkje gjere noko om ein veit “kva” som skjer og at ein finn greitt fram.

Når eg tok med meg spelet, leita eg så igjennom BGG-filene. Der var det fleire som peika på dette med regelboka og at den gjorde spelet vanskelegare. Så fann eg ei fil som veldig mange likar; ein som har komprimert ned ein “treng” vite til åtte sider. Ifølgje han sjølv nyttar regelboka ofte unødvendige eksempel og all nummereringa er berre forvirrande. Eg har lese skrivet, og spelet ser ikkje vanskeleg ut når ein les det: Komprimerte reglar

Eg ser også at mange meiner det er ein Redraft av Living Rules som er “gjeldande” når ein skal forstå alt i detalj; dei har også droppa nummereringa, og skal visst vere god for å forstå spelet; eg har ikkje lese den, men kjem der også:
Living Rules