Reply To: Republic of Rome

#1766
Sten Ole
Participant

Å studere reglar på regelbok/notat-måten er sjelsdrepande. Det kan godt vere mulig at Republic of Rome er det spelet som regelmessig beseirer meg, som eg ikkje klarer å vrenge hodet rundt. Eg må sei at spelet har, utenom regelheftet, nok av elementer som eg er litt skeptisk til. Eg har ein teori om at spelet i praksis ikkje vil vere eit eg vil like. Fordi:

1. Spelet er for det første veldig tilfeldighetsstyrt. Og ikkje tilfeldig på små element, men meir på den måten at om du triller dårlig på den eine tingen så er spelet over. Og det er kanskje tilgiveleg i eit spel som ikkje varer så lenge, men dette spelet har eit meir “episk” tidsspenn. Då er det bittert om spelet tar slutt om senatsledaren triller dårlig ein runde.

2. Spelet mangler design-eleganse. Dette er eksemplisert i ein regel der du triller for events. Du skal trille 2d6. Om du triller 7, skjer A, om ikkje skjer B. Samme operasjonen kunne vore gjort med 1d6. Spelet er fylt av unødvendige komplikasjoner som gjer spelet seigare uten å gi noko meir innlevelse i tematikken.

3. Forhandlingssdelen virker som om han nesten må vere basert på ting utenfor spelet. Dette fordi at som spelarar vil i alle fall i begynnelsen stille ganske likt. Situasjonen er nesten heilt symmetrisk. Så kva gjør at speler A inngår avtaler med speler B? Det blir bare basert på kven som sit på sida av kvarandre eller forhold utanfor spelet. Ser du for eksempel på Diplomacy som moteksempel vil du ha ein assymmetrisk situasjon på brettet som gjer at du har grunnar på kartet for å forhandle på måte x eller måte y.

Me må likevel spele det på eit eller anna tidspunkt fordi:

1. Det har blitt bragt fram i søkelyset til klubben så mykje.

2. Sunk cost falacy-prinsippet. Eg har allerede gitt for mykje av sjela mi for å setje meg inn i uhyret (utan at eg nødvendigvis forstår og kan alt).

3. Ein av reglane i spelet er at offentlege avtalar må holdast om det er mulig. Dette gjelder også avtalar som strekk seg framover i tid. Dette er noko eg ikkje har vore borti før så eg er nysgjerrig på implikasjonane.

4. Spelet skal beseires. Må beseires.