Reply To: Bunn 5

#1842
Jarle Haktorson
Keymaster

Ofte kan det ta litt tid før eit spel fell på plass. Anten fordi det har vore rot med reglar eller at ein ikkje «forstår» det heilt første gongen. Difor vil eg vere forsiktig med å dømme spel som eg har spelt lite, sjølv om eg likevel har ei slags liste på slutten her.

Spel som eg har spelt fleire gonger føler eg meg meir kvalifisert til å kunne brenne; då veit eg meir kva spelet har å by på og kva potensiale som ligg der.

Men når eg tenkjer på det; eg har nok ingen spel som hamnar i brenne-kategorien. Det er spel eg likar betre enn andre, men ingen som er så elendige at eg vil brenne dei; ikkje av dei me har på BGG-lista i alle fall (og som faktisk blir spelt).

Men; det er spel i klubben som eg berre har spelt éin gong, som ikkje har falle på plass. Dei har på eit eller anna vis gitt meg ganske lite og eigentleg frista lite til å prøve på ny. Samtidig trur eg dei er gode spel, berre eg får prøvd dei eit par gonger til. Skulle dei då framleis gi meg like lite, kan eg godt begynne på ei brenneliste.

Så her er nokre slike spel i alfabetisk rekkjefølgje: Brass: Lancashire, Gaia Project, The Gallerist, Imperial Settlers, Pandemic, Power Grid.