Reply To: Food Chain Magnate

#1919
Sten Ole
Participant

Spelet er hyperinteraktivt mellom spelarane.

Om speler A gjer noko og du ikkje “kopierer” det, så får speler A ein vanvittig bonus resten av spelet som du ikkje får.

Speler B trur kanskje han gjer det bra og skal steike burger til alle dei burgerhungrige innbyggarane i byen. Så kjem Speler C med ein brus-kampanje på radioen som gjer at ingen liker burger uten brus til maten. Speler B tjener ingenting.

Imens sitter speler D i eit hjørne og tjener grovt på øl fordi han har satt opp prisen og dei andre har glømt å konkurrere.

Spelet er derimot litt fiddly med papirpengar, litt småirriterande hoderekning og kort som du vil ha som ligg på andre sida av bordet. Må etter kvart prøves med fleire for at kaoset skal bli komplett.