Reply To: U-BOOT

#1940
Rune Hanssen
Keymaster

Andre testrunde gjekk mykje betre, og det viste seg at eg kunne reglane betre enn eg visste sjølv. Spelet er blant dei beste eg har spelt når det gjeld stemning og høve til rollespeling som sjømann ombord på ein tysk ubåt under WWII. Appen gjer det til at ein føler arbeidspresset og spenninga når fienden plingar deg med sonaren. Veldig gjevande når ein faktisk klarar å operere som eit samkøyrt mannskap og ein klarar å senke fiendtlege skip.

Fire spelarar er eit must, og Øystein Sæbø må vere med neste gong. Han passar rett inn som sjømann.