Reply To: Scythe

#1950
Sten Ole
Participant

Rise of Fenris er ein ekspansjon som ikkje endrer Scythe så veldig mykje. Grunnspelet er fortsatt dominerande i korleis spelet flyter og kva du prøver å få til. No er fortsatt campaign-delen uprøvd, men det ser ut som at det stort sett er skreddersydde scenario som bruker dei diverse påbyggsdelane til å lage ulike scythe-opplevelser.

Det me testa var dei to nye faksjonane og modifisering av mech-abilities og eit par eingongsbonusar i tillegg til utskiftning av objectives. I positiv retning betyr dette at det mest sannsynleg ikkje lenger vil vere urettferdig gode faksjonar lenger siden dei svake kan bytte ut middelmådige evner med bedre evner. Du kan også bestemme at visse objectives skal lønne seg meir eller mindre enn før. Noko eg trur er også at airship-ekspansjonen blir meir brukande sidan faksjonane som dette straffa kan no få evner som fortsatt er dugelege. Negativt er kanskje at faksjonane mister noko av særpreget sitt. Traktorfaksjonen er ikkje lenger nødvendigvis combatkort-faksjonen. Båtfaksjonen er ikkje nødvendigvis vannfaksjon lenger. Osv…

Ikkje store endringar i mitt inntrykk av spelet. Det er eit victory-point-jag i nesten irriterande små steg som er forkledd som eit krigsspel. Slutten kjem alt for brått og brutalt. Du må velge om du vil gutse på handlingar som gir uttelling om du har tilgang til fleire turar eller som du skal safe’e og gjer det som er middels bra uansett kva som skjer. Eg veit Jamey Stegmaier har sjølv uttrykt at slike gamblinghensyn er fantastiske. Her er eg personleg litt uenig.

Det som er bra med scythe er jo at det er designmessig relativt solid. Grunnreglane henger godt saman. Mekanikkane og måten dei er sydd saman på er heilt unike. Eg klarer ikkje nevne eit spel som liknar på scythe. Komponentane er geniale og jobber godt saman med spelet.