Reply To: Rebel Raiders on the High Seas

#1983
Sten Ole
Participant

Dette er nok eit spel som må øves inn for å gli godt. Reglane i seg sjølv er greie som Rune seier, men det er ei halv novelle på kvart kort med prosess-informasjon som gjer det vanskeleg å ha kontroll utan å sakke ned tida på spelet. I tillegg er det forferdeleg mykje terningtrill som kan ta heilt av.

Eg synst spelet blir litt rart når alt me kan bygge er båtar, men spelet har mykje landkamp som står sentralt for gangen i spelet. Landkampen blir likevel abstrahert med å putte ei kanon på kartet og trilla eit par terningar.

Eg trur kanskje spelet passar best for historienerder som gjenkjenner personane og hendelsane på korta. Spelet krever også speler som liker medgang og ein speler som liker styrt avvikling.