Reply To: Trickerion

#2040
Sten Ole
Participant

Dette fungerte mykje betre enn eg hadde trudd. Det var uventa mykje press på brettet som heile tida gjorde at du blei skvisa ut av dei perfekte planane dine. Du blei alltid sittande igjen med for få action points, eller banken blei tømt for pengar, eller nokon stjeler dagen for magiforestillingen din eller hindrer deg i det heile tatt å ha ein forestilling. Følelsen av magikerrivaliering er veldig markant.

Spelet endte med alle på cirka same poengsum og kanskje ein følelse av at me kunne gjort ting betre på det eller det tidspunktet. Dahlgaard ville blitt skuffa. Eg er personleg skuffa over at megafinale-planen min gjekk i vasken fordi eg ikkje fekk tak i pengar og 3 av folkene mine blei totalt uvirksomme i den siste og avgjerande runden. Frustrasjon!