Reply To: Underwater Cities

#2083
Jarle Haktorson
Keymaster

Eigentleg eit bra spel som eg likte, men… Eg spelte 4-player, noko som førte til masse blokking. Med få kort på handa, er det få stader du eigentleg får noko ut av korta. Du legg ein plan, og så tek nokon den plassen, og så tek nokon andrealternativet ditt, og så må du leggje ein ny plan der og då.

Dette førte til ein del tenking og meir kaos/random enn eg eigentleg likte. Eg kunne eigentleg ikkje planleggje så veldig mykje, og det merka eg i løpet av spelet er ein faktor eg har lyst skal vere noko meir framtredande enn her.

Det finnes mange “blokke”-spel, men dette er kanskje det som “øydelegg mest” i høve planlegging/utbyte.
Ps: Eg ser Sten Ole skriv at “Du kan discarde kort når du vil. Dette kan du gjere heilt til slutt om ønskeleg”. Slik spelte ikkje me det; eg sat difor med masse dårlege kort eg hadde lyst å bli kvitt, men klarte ikkje. Det kan godt vere opplevinga (i alle fall options) hadde betra seg om eg kunne få ei fresh hand kvar runde eller spart på noko bra.

Klar for ein runde til, men eg er usikker om fire er rette tal spelarar…