Reply To: Nytt lokale?

#2105
Jarle Haktorson
Keymaster

Som leiar i Kvinnherad brettspelklubb er det mitt hovudansvar å innfri to mål ifrå årsmøtet; vurdere moglegheita for alternative lokale til klubben, samt få opp talet på reelle spelarar.

Sekundært kjem ønskjet utanfrå om å få til ein Superklubb; der har eg eit visst personleg engasjement for å få det til, for å kunne skape eit miljø for barn/unge for å spele RPG, male miniatyrar, eSport etc.; rett å slett ein «nerde-misjon». Men dette er altså sekundært.

Eg meiner likevel at ein kan sjå desse i samanheng; då tenkt lokale i første omgang. Om klubben finn eit eigna lokale som samstundes opnar opp for andre nerde-ting, mogleggjer det eit Superklubb-potensiale. Og berre for å vere tydeleg om ein slik Superklubb; om det skulle bli realisert, vil det vere ulike avdelingar i ein slik klubb med kvar sine ansvarlege leiarar. Som nemnd i første innlegg, vil då t.d. Gaute vere ansvarleg/leiar for eSport, eg kan vere for brettspel, Mr. X på rollespel etc.

Så til det med lokale. Det har vore eit ønskje om alternative lokale. Eg skisserar kort:
Biblioteket: Her kjenner alle dei ulike pros et cons. Det har fungert, kan fungere vidare, men har som kjend sine svakheiter.

KVV: Dette har me fått løyve til å bruke. Har der fleire gode rom, gode bord, innelåste tileigna område til å lagre alle spela våre om me vil etc. Bakdelen her er at det må vere ein ifrå KVV med for å opne og slå av alarm. Pr. i dag er dette meg, Anders, Leif Kristian og Ola. Me er ikkje alltid med, noko som vanskeleggjer dette som fast lokale. Men som alternativt lokale er det jo greitt. For øvrig vil KVV truleg vere lite eigna til ein Superklubb, då det igjen trengst folk ifrå KVV til å opne etc.

US: Her er pros et cons allereie nemnd. Største con her er nok tilgjengelegheita. US er i bruk måndag, onsdag, fredag og søndag. Dvs. at potensielle dagar for brettspel/Superklubb er tysdag, torsdag og laurdag. Her veit eg også at US er mykje brukt til bursdagar; me har leigd det fire gonger før og eg har sjølv levert ungar i fleire bursdagar der. Likevel kunne me nok få til ei ordning; om det blir ein Superklubb kunne nok den fått sine faste dagar, slik at US var låst dei dagane; eks. at me kunne fått tysdagar og torsdagar.

SFO: Her er eg nok usamd med Sten Ole; eg har ungar som no går i 5. og 6. klasse. Dvs. at me har arrangert og vore i særs mange bursdagar oppover åra. Me har aldri vore i SFO-bygget. Eg veit at det har vore ein bursdag der, men kan nok representativt seie at dette skjer ganske sjeldan. Her har nok same kva rektor litt oversikt, noko ein samtale med ho vil avklare. Når det gjeld bord sjekka eg som sagt i går. Eg synes fleire av borda såg ok ut. For SFO sin del, treng jo dei berre eit bord når dei skal ha SFO. Klubben har pengar (og får potensielt veldig mykje meir pengar ved ein Superklubb) til å kjøpe nye bord tilpassa brettspel som SFO kan fritt få/nytte, men som då står klare når me skal spele.

Flott med fleire innspel, slik at me kan lande på noko med lokale og fleire medlemmer.