Reply To: Vindication

#2171
Jarle Haktorson
Keymaster

Veldig masse samd her, to punkt fortener utdjupande kommentar:

– Spelet ender brått: Jepp, det gjorde det sist. Men første gong me spelte var det “styrt” slutt der me såg det runden før. Har nok litt med “kontroll” på brettet, men med fleire “Game End”-kort er nok ikkje dette så lett alltid. Eg trur likevel dette er noko ein kan kontrollere litt meir når ein kan spelet betre. Har også lese på forum at nokon likar litt lengre spel, og då stoppar spelet først når to Game End-kort er nådd. For min del er spelet akkurat nok ved første Game End.

– “For mange” modifiseringsmoglegheiter: Heilt samd. Dette er eit “problem” med enkelte spel. Kva skal med? Kva skal ikkje med? Finnes det ein “perfekt” kombo? Eller ein som “øydelegg” spelet? TI3 vart etterkvart ekstremt her; tusen ting som kan vere med. TI4 fjerna alt og gav deg eit komplett spel. Men nokre gøye ting forsvann også…

Når me spelte Vindication no sist, tok eg med tre “ekspansjonar” eg hadde lyst å prøve. Fleire av ekspansjonane er Tiles; då må andre Tiles bort for å få plass til desse. Nokre ekspansjonar er ikkje Tiles, men ekstrabrett og ekstra actions kvar runde; då endrar brått spelet seg. Men til det betre? Vanskeleg å vite før ein har prøvd.

Eg har som sagt endå ikkje opna eska med “Allied & Leaders” eller kva den heiter. Då får ein endå fleire moglegheiter. Eg trur likevel at me skal klare å lande på kva folk likar, og kva folk ikkje “treng”. Når ein “kan” spelet kan det kanskje vere greitt å ha mange moglegheiter? Eks. at Monuments “alltid” kan vere med, om nokon vil ta den vegen? Eller “Allies”, om nokon vil gå inn i Guilds?

Men det er litt “stress” med alle moglegheitene ja. Trur me får ha Sandbox-perspektivet, så går nok alt bra.