Reply To: Robin Hood and the Merry Men

#2294
Sten Ole
Participant

Reglar (response)

Enig i 1-6. Uenig i 7 (ref tabell s.20).

Gøy spel med mange ting å tenke på samtidig. Eit umulig puslespel der den “beste” beslutningen til ei kvar tid ikkje er heilt opplagt. Neste gong eg ikkje svømmer i regelheftet mens spelet er på gang, går det nok litt betre.

Spelet blei ikkje opplevd som trugande på den kooperative delen, men dette kan vere fordi me uvitande hadde ein 5 player-modul med i spelet som gjer alt lettare og at desse korta kom absurd mykje i starten. Det skal likevel merkes at me var 2 guards unna tap som med eit litt uheldig villainkort hadde fått oss til å tape på siste runden.

Pengeproblemet (at sølvpengar har få bruksområde og nesten blir verdilause) har blitt rapportert av andre på BGG. Nokon på BGG foreslår å bruke spion-modulen til spelet siden dette gir ein ekstra måte å bruke sølvpengar på. Dette er sikkert eit bra tips.