Reply To: Scythe

#2353
Sten Ole
Participant

Me har prøvd allianse-reglar og wind gambit (airships) saman med Fenris.

Om allianse-reglar
Allianse-reglane er krigsmessig irrelevante. Det er ingen måte å hjelpe kvarandre i krigar. Det er heller ein sjølvpålagt lås mot å angripe kvarandre siden straffen for det er mega-høg. Du får ein spesialability i tillegg, som enten gjer litt godt eller absolutt ingenting. Det åpner for ein ny type krig mot alliansepartneren der du “angriper” med arbeidarar for å erobre land. Negativt inntrykk.

Om Wind Gambit
Airships var eg frå før litt fiendtlig innstilt mot. Det gir ein mobilitet til alle i spelet som straffer faksjonane som har ein mobilitetsprofil. I Fenris har alle større tilgang på mobilitet. Derfor er kanskje problemet mindre.

Om Fernris
Ref. det eg skreiv rett over: “I positiv retning betyr dette at det mest sannsynleg ikkje lenger vil vere urettferdig gode faksjonar lenger siden dei svake kan bytte ut middelmådige evner med bedre evner. […] Negativt er kanskje at faksjonane mister noko av særpreget sitt.”

Om Scythe
Ref. andre posten min i denne tråden: “Fleire av mekanikkane er geniale og lettfattelige. Men […] Eventkortene virker poenglause, objective-kortene fungerer ikkje 100% for meg i nåverande form, popularitetsressursen er for viktig samtidig som den er totalt irrelevant.”

Ref. det eg skreiv rett over: “Det er eit victory-point-jag i nesten irriterande små steg som er forkledd som eit krigsspel.”