Reply To: Nytt lokale?

#2399
Jarle Haktorson
Keymaster

Ok, oppdatering ifrå Tenerife: Eg har fått avtale med kommunen om å leige gratis SFO-bygget på Undarheim skule kl. 18-24 kvar tysdag og søndag ut juni 2020. Me får eigen nøkkel.

Me vil ha bygget for oss sjølv, og får beskjed i førevegen om skulen har behov for bygget på desse tidene.

Så no har me SFO-bygget tysdag, biblioteket torsdag og laurdag, og SFO-bygget søndagar. Det skulle gi oss ganske stor fleksibilitet.