Reply To: Twilight Imperium

#2428
Sten Ole
Participant

Spelet er ganske klar på at forsvarer beholder kontrol sjølv om bakkestyrkane blir utsletta.

Angåande ikkje-reglar i går:

Eg trur gårsdagen var beste TI-opplevelsen eg har hatt. Eg fekk herja litt med pirat-abilityen til rasen min. Eg klarte å tape den tidlige krigen mot løvene uten at eg blei eliminert. Eg fekk til fleire objectives enn nokon gong før. Eg klarte å få opp jukse-teknologiane til rasen som eg delvis klarte å bruke godt. Det viste at dei hadde late-game-styrke. Uheldigvis flykta alltid Øystein som gjorde at eg ikkje fekk bygd opp fleire skip via juksemetoden. OG… Eg fekk vere Mekatol-konge i 2 rundar. Det var også ein teoretisk mulighet for å vinne ei stund, men det var avhengig av å få imperialkortet på slutten (ikkje usannsynlig) og at resten av bordet ikkje såg trusselen (nesten umulig).

Rasen var gøy, men samtidig er den pillage-abilitien plagsom å administrere. Eg valgte fleire gonger å ikkje utnytte han maksimalt. F eks når Øystein bruker trade-strategi-kortet: Han får 3 trade goods. Sug. Han trader nokre commodities med Rune. Sug. Han trader nokre med Jarle. Dobbel-sug. Men i praksis var det stress og lagde bare dårlig stemning, så eg veit ikkje om eg gidder å spele dei igjen. Du må heile tida følge med fordi bordet skriker ikkje ut kvar gong trade goods vandrer. Det er vanskeleg nok å huske alt det andre du kan gjere (sarween tools for rabatt på bygging, diverse ting som endrer det space canons kan gjere, teknologi som gir ekstra kort osv). Å holde stålfokus i 2 timar går fint, men når spelet varer i 9 timar, så blir du redusert.