Reply To: Twilight Imperium

#2432
Jarle Haktorson
Keymaster

Kvelden i går var akkurat så episk som TI skal vere. Spennande at så mykje skjedde i sisterunden og at alle var så nær å vinne.

TI er det spelet me har som skapar mest engasjement på førehand før ein spelekveld, og som skapar mest engasjement på forumet etterpå. Om ein ikkje har det som favorittspel, kan ein same kva vere samd i at klubben samla sett set det høgt; viljen til å spele det kombinert med alle foruminnlegg i etterkant tyder på eit spel som treff mange.

Samtidig merka eg i går at alle vala undervegs tek på; eg er jo VP-fokusert i TI og “vil” alltid gjere det rette valet. Då må eg alltid vege 3425 ting opp imot kvarandre, medan andre sit og ventar på kva som skjer… Det er jo berre mi “greie”, men eg skulle lært meg å slappe litt meir av og prøvd å kaste meg litt meir ut i ting. Men samtidig…eit spel varer berre ca. 7-8 rundar, så det er jo viktig kva ein faktisk brukar rundane på, og ikkje angre-angre-angre fordi ein berre gjer noko, for så tre sekund etterpå sjå kva ein jo sjølvsagt burde gjort. Men samtidig; det er jo også kanskje litt av sjarmen med TI.