Reply To: A War of Whispers

#2463
Jarle Haktorson
Keymaster

Positiv overrasking! Spelet er såpass kort og enkelt i reglar at du berre kan stupe inn, ha det gøy ein time og så er det ferdig. Og det som skjer undervegs er humor og historiar; “Ja Sheriff; eg anbefaler sterkt at våre to troppar der angrip den tallmessig overlegne fienden der borte; det vil styrkje riket vårt. Og Steward; å rekruttere i fjella langt borte ifrå byar er sikkert lurt, berre i tilfelle. Ok, neste rike…”.

Dette må på bordet fleire gonger, noko som også er lett å få til grunna kort speletid (eg tippar det kjem til å liggje på 60 minutt). Me vil nok då sjå at spela blir noko ulike, at me angrip hardare avslørte lojalitetar og at kort-speling får endå større rolle.

Eg er klar for ny vurdering etter tre-fire rundar til, men pr. no synes eg dette var noko eg har sakna på ei stund; eit kjapt, enkelt, interaktivt spel med høg gøy-faktor.