Reply To: World of Warcraft – the board game

#2530
Sten Ole
Participant

6 spelarar var for mange i dette spelet. Det gjorde at spelet varte endå lenger. Det tok meir tid til det var din tur. Eg merkjer meg også at eg eigentleg ikkje bryr meg så mykje kva dei andre driv på med. Dei speler sitt spel og eg speler mitt. Derfor handler spelet meir om venting. Ein annan kritikk av spelet er for min del at du gjer stort sett det same i starten av spelet som på slutten. Travel, rest, challenge, town action om og om igjen heilt til karakteren din blomstrar.

Tidsmessig så tar spelet nesten så lang tid at me er i Twilight Imperium-land. Då blir det med ein gong eit aktuelt spørsmål om det er meir givande å spele WoW i forhold til å spele fleire mindre spel eller et anna spel i same sjanger. Gøy per tid blir med ein gong noko du må vurdere. Eg er ikkje fan av tida som går med til å finne ut kor mange terningar du har og når du er nødt til å trille og dekode 100 terningar. Det er det kanskje andre som likar betre enn meg.

Eg synes fortsatt at Wow er eit koseleg spel. Eg liker karakteroppbyggingen og at du flytter deg rundt på kartet og gjer quests.