Reply To: Legendary Encounters: Predator

#2554
Jarle Haktorson
Keymaster

Dette spelte eg når det var nytt og Rune hadde det med for hundre år sidan. Då likte eg det veldig godt. Så har eg prøvd å få det på bordet igjen dei siste hundre åra, og i går lukkast det! To gonger også! Og det var ikkje så fantastisk som eg trudde. Grunnar har Sten Ole og Thomas kome med.

MEN: Det er jo fleire spel i denne serien. Eg ser at Aliens-varianten ligg på 101. plass på BGG; det er nesten topp 100, og framføre ein heil haug med andre spel me har i klubben som me likar. Kva gjer dette? Er det berre temaet? At folk likar og har sett Aliens meir enn Predator? Eller er det noko med korta? Systemet? Coop’en?

Eg er i alle fall faktisk litt nyskjerrig på dette..! Eg må også innrømme at eg nyleg såg Predator 2, og har litt lyst å sjekke dette ut i dette spelet (sidan eg berre har prøvd Predator 1-scenarioet).