Reply To: Crusaders – Thy Will Be Done

#2558
Sten Ole
Participant

Blokkering er viktig. Du gjer at motstandaren må anten investere ekstra travelpoeng eller held seg på mindre fruktbar mark. Du ser det ikkje før på slutten når du har bygd på alt arealet du har tilgjengeleg og alle gjenverande hedningar er på andre sida av kartet. Du hadde merka det betre om me var 4 spelarar. Då blir kartet supertrangt. (Uvisst korleis det er med 2 spelarar)

Når det er sagt så synes eg at det som løfter spelet er at det ikkje er opplagt kva som er lurt eller dumt. Når bør du oppgradere? Er det spesielle situasjoner du bør oppgradere? Er det best å gå på crusades tidlig eller seint? Korleis lager du synergi mellom bygningane du bygger og handlingane du gjer på kartet? Svarene ligg nok i tørketrommelen som styrer handlingane dine. Og du må heile tida “rekne” deg fram ein tur eller to for å maksimere effekten av handlingane dine. Men du veit ikkje om småtaktiske genitrekk er det som fører til strategisk seier.