Reply To: Legendary Encounters: Predator

#2559
Sten Ole
Participant

Eg trur nok Thomas er inne på noko når det gjeld BGG-ranking. Det er ikkje berre folk som oss som er inne der. Folk liker ulike ting. Legendary-spela er ikkje dårlege. Dei forteller ein slags historie mens alle speler Dominion mot maskinen.

Den kjempestore minusen med spelet er at det anten tar eit år å pakke spelet ut og pakke det ned igjen eller så må nokon lage til eit system som gjer prosessen mindre smertefull.

Ein annan minus med spelet er at korta er så lite distinkte. I dei fleste andre deckbuilders vil korta vere mykje meir spesialiserte og gi meir inntrykk. I dette spelet er hovedeffekten heile tida antal kloremerker og antal stjerner. Du bryr det ikkje om kva som er på kortet. For eksempel Dominion har jo kort som “festival” og “village” mykje meir spesiell virkning og gir derfor meir inntrykk (sjølv om tematikken på kortene ikkje inneheld mykje meining).

Når det gjeld ulik oppfatning av Legendary-spela så trur eg at det heng saman med utgivelsesrekkefølge og utvikling i spelmekanikk. Marvel kom ut først og var godt mottatt. Så kom Alien som eigentleg er same spelet, men introduserte “Coordinate”-mekanikken. Det blei altså endå meir eit coop-spel. Så kjem Predator som igjen melker same kua, men denne gongen er det ingen mekanisk utvikling. Eg trur ikkje me skal tolke så mykje inn i BGG-rankingen. Topp 1000 er bra uansett. Om ein ser på kva karakter brukarar har gitt så er 8/10 mest typisk på alle spela og fordelingen på karakterane ser nesten identisk ut.