Reply To: On Mars

#2598
Sten Ole
Participant

Eg syntes spelet løfta seg med Thomas med på lag. Reglane blei fastare nagla på plass og samtidig fekk han demonstrert kor dominerande det er å starte spelet med ein spiss åpning og lage ein tidleg synergimaskin. Han hadde også eit godt auge for god bruk av roveren. Det er også forfriskande å sjå nokon spele utan å ha tunnelsyn på kva ein skal få til sjølv, men også ha eit auge for korleis andre sine planar kan forsures underveis.

Eg følte personleg ikkje at runden blei skada av å gjere ting på nytt eller at me ikkje oppdaga endgame-triggeren på rett tur. Eg tviler på at det favoriserte nokon. Det var kanskje eit lite tap for personen som gløymte å innkassere krystallbonusen.

Det at det blir mexican standoff rundt bygging av siste bygningstype synes eg eigentlig er heilt greit. Den som har god grunn til å bygge den er personen som får mange poeng for LSS-bonusen, treng ressursen bygningen gir eller den som slepp tung krystallbeskatning når han bygger eller vil ha ut complex-kuben sin. Om du likevel vil “ta ansvar” for å gjere handlingen er jo det ditt valg. Men som du sjølv såg, så vil ein gjerne heller at nokon andre skal levle opp kolonien slik at du kan rovbygge på din tur etterpå.

Eg ser meir i dette spelet for kvar gong eg speler. Det er ulike ting ein kan fokusere på. Måten ein velger å starte spelet er viktig. Det er forskjellige fordelar ein kan oppnå ved å gjere A, B eller C. Neste steg er å utnytte fordelen for å styrka spelet ditt vidare. Det er derfor viktig å ha ein plan når ein velger startposisjon på brettet.

Samtidig er det visse ting eg trur alle spelarar har behov for å gjere relativt tidlig i spelet. Alle bør hyre inn minst ein scientist slik at ein alltid har ein brukbar executive action på lur sjølv om krystallane er borte. Advanced buildings er også så kraftige at ein bør ha eit par.

Reglar, reglar, reglar…

Blueprints-butikken
Me gjorde rett i at butikken skulle oppdateres på kolonilevel 2 og 3. Symbolikken på 3 og 4 er å flytte den raudekuben. Symbolet over kuben er mission-kortet som er det som normalt flytter kuben.

Research tiles (dei runde brikkene i hjørnene)
Du kan ikkje ta begge tilane i ein farge.