Reply To: On Mars

#2642
Jarle Haktorson
Keymaster

On Mars ser meir om meir ut som eit spel som er kjekt og mogleg å vinne for dei som hugsar mange reglar. Då kjem reglane først, og gøy-faktoren sekundært, slik eg ser det. Det er allereie fire regel-oppdateringar på dette spelet; det kjem kanskje fleire og truleg har me få spel som har så mange regel-innlegg. Då mistenkjer eg at gøy-faktoren heng saman med om du klarar å hugse reglane og ikkje at du gjer ting du har lyst til, sjølv om desse tinga sjølvsagt heng saman. Begge deler støttar opp under at dette nok ikkje er eit Jarle-spel, sjølv om eg forstår at det nok er veldig kjekt når ting er under kontroll. Men igjen er eg berre Djevelens Advokat og eg tippar spelet i utgangspunktet er veldig bra, men smak og behag og syn på regelkontroll begrensar nok entusiasmen min til å investere veldig masse tid i spelet, når det finnes så mykje anna gøy der ute.