Reply To: Mombasa

#2678
Jarle Haktorson
Keymaster

Veldig gøy spel! Eg støttar alle positive kommentarar om Mombasa.

Til Sten Ole sin negative kommentar, så gjeld jo dette mange spel. Tenk drafting i Terraforming, kortkjøp i Through the Ages og veldig mange andre spel. For dei som vil, må ein gjerne bruke tid og energi på å studere motstandaren for å optimalisere eller sabotere, eller ikkje/lite.

Eg ser ingen behov for å snu discard-bunkane i Mombasa. Om nokon vil sjå kva eg har i discarden og så gjette på kva bunke eg kjem til å ta opp og kva kort av min no nye bunke eg kjem til å leggje ned og kva eg skal bruke dei på, for å utifrå dette leggje vekt på kva kort ein sjølv skal trekkje, velje og så spele i håp om at mester-planen går…så skal dei få lov til det.