Reply To: Republic of Rome

#2854
Rune Hanssen
Keymaster

Runius kjende hjartet svulme der han stod ved sida av krigshelten Scipio – Hannibal sin verste fiende. No var Runius eit navn senatet utan tvil ville lytte til.

«Gå til eigedomen min som ligg ved dei offentlege bada Scipio! I kveld er eigedomen din, saman med alle tenarane og damene som ventar deg»

Dette var det siste Runius sa til Scipio før han med løfta hake kryssa forumet til dei to regjerande konsulane for å motta lovord og ære.

Same kvelden sat han på båten til Korsika og Sardina, ein av dei verste provinsane ein senator kan styre. Senatet kunne han gløyme dei neste tre åra.