Reply To: Watergate

#2864
Sten Ole
Participant

Ikkje så mykje å tilføre utenom at spelet overraska. Eg forventa eit tyngre, tørt og lengre spel. Men dette var luftig og kjapt. Spelet inneheld mange “take that”-element der ein bruker kort til å knabbe til deg ressursane i spelet, der korta negerer effektane som motstandaren skulle til å gjere; eller der du stjeler initiativet slik at du blokker noko akkurat i tide.

Frå Nixon sitt perspektiv har du heile tida ulike mål å jobbe deg mot:
– Skaffe politisk moment så du kan vinne valget og folkeopinionen
– Ødelegge bevis slik at handlingane ikkje kan koples til deg
– “Overtale” informantane til å holde kjeft
– Skaffe initiativ for å gi handlekraft i neste runde

Reglar…

Ein liten detalj me feilspelte var når bevisene blir delt ut og plassert etter initiativrekkefølge, skal ein bruke initativrekkefølgen som nettopp blei vunnet. Kven som hadde initiativ før har ikkje noko å seie.