Reply To: Merchants & Marauders

#2872
Sten Ole
Participant

Dette spelet er Xia i forkledning. Du har stor frihet til å gjere kva du vil. Handle, slå til mot handelsskip, føre krig, gjere quests eller følge rykter. Du ruster også opp skipet ditt med meir utstyr eller skaffer deg eit heilt nytt eit. Eller du kan dø og begynne omtrent på nytt.

Eg trur spelet kan oppleves langsommeleg om spelegruppa ikkje har god kontroll på port action. Om ein skal til port på turen er det lurt å ha prosessen klar før det er din tur, eventuelt gjere det når det egentlig ikkje er din tur. Alt det andre flyter greit. Det er som ein pauseknapp i spelinga og er ei utfordring som spelarane bør vere klar over.

For min del føltes spelet litt ensomt. Me var alle i eit slags race for å nå 10 glory points. Om ein spelar gjorde ein ting, hindra det ikkje dei andre å gjere akkurat det same med god suksess. Det var lite me kunne gjere for å hindre progresjonen til andre. Ein kan visstnok angripe spelaren med mest glory, men då er det nok ofte like sannsynleg at angriperen taper og mater vinnaren meir glory og ressursar.

Spelet gir deg frihet til å velge kva du vil gjere, men kapteinen du får utdelt vil ofte diktere kva som er lurt å fokusere på. Om kapteinen din ikkje forstår kva eit teleskop er, er du dømt til å spele passivt. Om sjømannskapet mangler, må du sky unna all aggresjon. Om du har lite influence, kan du gløyme rykter. Spelet gjer det også vanskeleg å vere “halv-pirat”. Du bør vere 100% lovlydig eller 100% pirat fordi skipa er så polarisert i sine sterke og svake sider.

For at spelet skal vere gøy er det ein idé å gi opp poengjaget og berre gjere ting fordi handlingane i seg sjølv er gøye. Å kjøre hjernedødt fram og tilbake med varer er ikkje gøy, men kan vere veldig lukrativt. Då er det betre å lage eigne historiar av handlingane på brettet. For eksempel historien om den grådige kapteinen som ikkje syntes ein galleon var god nok og satsa alt på å overta ein nederlandsk man-o-war. I tre intense kampturar blei han blåst i stykker av breiside eller breiside.

M&M er eit eksemplar i ein sjanger eg aldri kjem til å elske med heile mitt hjarte. Om det er Xia, Outer Rim eller Western Legends så har dei same grunndynamikk og har dei same problema. Handlingsfrihet, oppbygning, mulighet til å angripe kvarandre, død etterfulgt av stagnasjon. Spelet belønner medgang slik at den som får ein god start vil sannsynligvis fortsette å gjere det bra. Motgang får alt til å stoppe opp, og du får ikkje opplevd noko som helst, bare smerte.

Spelet er bra så lenge du får ein grei start og følger hjarta heller enn hjernen. Spel for å leike, ikkje for å vinne.