Reply To: Cloudage

#2963
Sten Ole
Participant

Eg har holdt tilbake min dom over dette spelet siden første gongen var meir å berre skjønne korleis ting hengte saman. No var mykje av innholdet på plass.

Eg er ennå ikkje sikker på kva eg synes eller ikkje. Deck building er eit element i spelet, men det føles ikkje godt begrunna at det skal vere med når det berre er snakk om tal på kort. Ressursane kan ein koke ned til at vatn kjøper kort, metall oppgraderer stats på zeppelinen din og straum brukes for det meste for å spe på kampstyrken. Det eg kanskje likte minst var at movement var mykje bestemt på bakgrunn av eitt korttrekk. Då er det nesten ein roll-to-move-mekanikk, som ofte fører til kjedelig uflaks.

Eg trur spelet ligg mykje i prosjektkort, som med Maracaibo. Du må få synergiane på plass sånn at du kan utnytte rommet dei opner maksimalt. Det er derimot eit uromoment at korta du får inn som ofte ikkje passer inn. Du treng mange kort før du ser om det er trygt å gutse på i ein retning eller ein annan. Og det er ikkje effektivt som ein grunnstrategi. Maracaibo hadde som moteksempel planleggingsruter til å legge kort inni og det gjorde det spelet meir forutsigbart.

Spelet har likevel høg kvalitet fordi det ligg ein reinhet i det. Ikonografien jobbar godt saman med spelet, både i strukturen på turane og den enkle summeringane for å finne ut kor kraftig du slåss eller kor langt du flytter osv. Spelet føles som ein god medium-light-nesten-euro. Det er ikkje eit spel som overbelaster hjernen. Samtidig vil nok den som tenkjer langt nå lenger enn dei som kun tenkjer i korte steg.