Reply To: Civilization – A New Dawn

#2999
Sten Ole
Participant

No kom Terra Inkognita på bordet.

Igjen så blei me offer for regel-obskurifiseringa i spelet. IKKJE MEIR ENN 3 TRADE GOODS PER FOKUSKORT. Som eg har sagt tidlegare burde spelet kome med ein player aid som hadde med slike relevante reglar. Kamp-reglane er også noko som alle burde hatt for hånden.

Men… nok om det. Ekspansjonen!

Spelet hadde eit par endringar. Istedenfor at krigføring blei ein abstrakt handling på brettet, hadde ein no hærar som flytta seg på kartet. Dette var ikkje ein stor mekanisk endring på spelet, men det gav ei halv teskje meir smak på krigføringen.

Me fekk byggje spesielle kontrollbrikker som jamnleg samla inn trade goods eller gjorde andre gode ting. Dette bytta ut den meir kjedelege Mature Cities jamnleg gir ut trade goods-regelen. Distrikta brydde seg ofte også om kva slags terreng som fantes. Og jo oftare terreng har noko å seie, jo betre, tenkjer eg.

Spelet begynte med eit lite kart. Om ein vil ha meir kart, må ein utforske. Ikkje ei stor endring, men det gjer at kartet på bordet ikkje har store dødsonar.

Spelet har ein femte spelar med. Eg er litt negativt innstilt til ein femte spelar siden dette vil auka kor lenge spelet varer, men kanskje det fungerer bra om det er god flyt mellom turane, med andre ord litt spelaravhengig.

Det var litt anna knask:
– Fort som gjorde at ein kunne få fleire “byar” bygd ved krigføring.
– Meir asymmertriske faksjonar gjennom eit ekstra tech-kort.
– Fleire wonders og mekanikk som får wonders til å gå ut på dato om dei ikkje blir bygd.
– Ein lengre fokuskort-track.
– Styresett til å manipulere fokuskort-tracken.

Konklusjon: God ekspansjon og greit spel, men dette er nok ikkje eit av mine favorittspel. Eg trur det på fleire punkt føles abstrakt. Mekanikkane jobber ikkje alltid saman med tematikken. Spel-loopen gir ikkje heilt den følelsen eg ønskjer meg.