Reply To: Lost Ruins of Arnak

#3026
Rune Hanssen
Keymaster

No har eg spelt 3 gonger og kan sei at evnene mine til langsiktig planlegging i bruk av ressursar er heller elendig, men i utvikling.

Oppdagingar krev mykje, men kan også gje god gevinst. Etterkvart som fleire stader er oppdaga, dannar det seg eit puslespel av valg til ressurssanking. Forskningstreet krev roleg og fokusert planlegging og kortbruk. Er ein først her kan ein få mange bonusar som er med å held maskinen i gong.

Dei elementa som lagar tilfeldighetar i spelet fungerer bra, og gjer at det held seg friskt frå gong til gong. Sluttscoring er som regel tett, noko som bidreg til motivasjon og tilfredshet.