Reply To: Trickerion

#3056
Sten Ole
Participant

Fekk testa spelet med det eg har av ekspansjonar. Eg ser at spelet endrer litt karakter med “dahlgaards gifts”. Det blir som eit spel med deck construction der spelaren må bruke tid før spelet til å lage ein strategi. Når spelet kanskje blir spelt 1 eller 2 gonger i året og med opning for uerfarne, så passer det ikkje å frontloade så mykje avgjørelsar før spelet starter. Spelet har i grunnformen nok av det frå før.

Spelet er gøy og har unike element. Kortbutikken er plagsom men ikkje lett å patche til å bli enklare. Kanskje spelet varer 1 time meir enn kva eit slikt spel bør.