Reply To: Tzolk’in

#3101
Sten Ole
Participant

Du har to val: Putt nokre arbeidarar inn i tannhjulsystemet eller ta nokre arbeidarar ut. Mellom kvart val flytter tannhjula seg. Når du putter inn, må du betale mais etter kor mange arbeidarar du putter inn. Når du tar ut, får du varierande utbytte etter kor lenge dei har vore inne.

Du må dermed berekne når du skal gjere kva for å få rett utbytte og ikkje overbetale for arbeidarar som skal inn. Kryss fingrane for at first player ikkje skal booste kor fort tannhjulet går. Då rakner alt som liknar på planar.

Innimellom må folket matast, og dei er kjempesvoltne. Då innser du kor trangt spelet er. Det er derfor lett å gløyme å satse på poenggivande handlingar.

Heldigvis har spelet mekanikkar som gjer at du kan føle deg som ein ekte tapar. Du kan tigge for å få mais eller brenne skogar som burde hoggast ned med fornuft. Men sånt set ikkje gudane pris på. Du treng heller ikkje mate folk du ikkje har nok mais til, men då kan du sjå langt etter seier i dette spelet.

5 av 5 tomlar opp for tsolkin og chicken itso-tannhjulet.